Laurdag 1. September var det klart for den årlege basaren til Normisjon i bedehuset på Huglo. Som alltid når det blir laga til basar i bedehuset, så er det mykje fine gevinstar, god mat og mange folk i alle aldrar.
Hilde Joy Vestøl kom på besøk og hadde andakt der ho blant anna viste bilete frå Nepal der Normisjon har retta litt av sitt arbeid mot.
Etter eit par basarar med digital trekkjing av vinnarloddet, var det denne gongen tilbake til den gamle “ristaren”. Utan at det gav ei demping på spenninga av den grunn.
Etter tre åretrekkningar, ei trekning av loddbok, mat og andakt, var basaren over for denne gong. Somme gjekk heim med fleire gevinstar enn dei kunne bære åleine, medan andre gjekk tomhendt heim. Men ein kunne sjå at alle hadde kost seg like mykje.
Så til overaskinga:
Dette er innlegg nummer 500 på www.huglo.no! Redaksjonen takkar for alle råd, innspel, kommentarar og tilbakemeldingar. Men for at me skal kunne skrive MINST 500 innlegg til, så treng me di hjelp. Send oss gjerne tips, bilete og anna til post@huglo.no eller ta kontakt med oss på andre måtar. (På butikken eller ferja for eksempel..) Og så er me veldig glad for for kommentarar på innlegga våre!
Sit du på gode idéar eller flotte bilder? Er du skrivelysten og lyst på ein utfordring? Vi har starta eit dugnadsprosjekt for å fylle opp sidene på huglo.no og trenger din hjelp. Klikk på linken eller send oss ein epost !