Er ingen nyheit ein god nyheit? Huglarar venter i spaning på kva som vert lagnaden til skulehuset. 10. desember var to personar frå Stord kommune sitt eigedomsselskap på befaring av skulebygget. Så skal representantar frå Huglo Bygdalag og kommunen diskutera seg fram til ein avtale: Skal bygdalaget gå inn for kjøp av skulen, og på kva for vilkår? Eit viktig punkt i ein avtale med kommunen er det kommunale tilskotet til drift og vedlikehald. Men førebels er ingen ting avtalt, heller ikkje tidspunkt for når forhandlingane skal vera sluttførde. Den som lever, får sjå. Og imellomtida står skulehuset og ventar på kven som skal mala sørveggen.