Arne Sørli fortel:
Nei, skulevegen var nok ikkje brøyta i dei gode, gamle dagane. Me borna fekk stabba og gå, nokon vintermorgonar rakk snøen til over knea våre. Eg hugsar ein morgon Anders Vatten gjekk føre og me ungane i konvoy etter i fara hans. Me var 6-7 skuleungar frå Nordhuglo i dei dagar. Ein annan gang kjøyrde Morten Helland oss med hest og slede. Men til vanleg måtte me greia oss sjølve.
Når me kom til skulen, hadde Johanne Sørhuglen vore der og fyrt i den store omnen. Foran omnen sto det eit skjermbrett, og der hang me ullsokkane våre og me sette skorne foran omnen. Nokon hadde treskor, og nokon hadde trebonnar med overlær av fletta papir. Inga Gortex støvlettar i dei dagar! Hendte det at papirskorne blei for våte, gjekk dei i oppløysing. Heldigvis ikkje alt på ein gong, så dei hong no på til eigaren kom heim.
Ja eg minnest da vel. Ein dag måtte Far kjøra oss med veasleden til skulen. Hesten sleit tungt minnest eg. Men det var store snøår seinare også, og ikkje så langvarige som i år. Eg minnest at det var eit slikt år i slutten på nitten femti talet. Johannes Fjellandsbø, som var vegvaktar, hadde laga seg ein snøplog av tre som han brøytte med. Det var øykjen som drog. Men denne dagen eg minnest var det kome så mykje snø om natta at øykjen blei heilt utsleten etter brøytinga. Det enda med at dei måtte slakta den same kvelden. Er det ikkje ei vise om vesle blakken som skulle av og henta doktor? Det enda på same måten for hesten til Johannes også denne dagen.