No skal alle postane i turorienteringa på Huglo vera tatt inn. Så dei postane du har utsett til “hausten”, og ikkje har funne til no, må venta til neste år. Og då ligg dei ein heilt annan stad! Det løner seg å ta nokre turar før graset veks for høgt, men elles er tida frå påske til 1.oktober ganske romsleg. Takk og takk igjen til dei som både planlegg og plasserar postane, og er flinke til å sikra at alle postane er synlege frå tre sider. Me gler oss til neste omgang, og har gode forsett at til neste vår, då skal me ta endå fleire enn i år! Og helst alle – og utan GPS!
Del dette innlegget