Ei god fiskehistorie

Frå Kari og Per Egil på Tveit har me fått denne utrulege fiskehistoria:

Eg sette garn i Tveitevågen mandag kveld. Då båten var fortøydd, såg eg
at noko levde oppi svigerfar sin båt. Der sumde det ein fisk, inni
båten!!! Fisken såg noko grå og slunkjen ut. Det var seint så eg ville
ikkje starte med å ausa. Eg tenkte at det fekk vente til neste morgon.

Eg trekte garna i dag og fekk både fisk og krabbe. Så var det båten til
svigerfar. Der sumde fisken framleis. Båten var så full i vatn at eg
måtte dra han bort til min båt for å ausa. Då vart det meir liv i
fisken. Han hoppa, og me vart redd for at han skulle hoppa på sjøen. Han
rende eit par gonger att og fram, men då var der ikkje meir krefter
igjen. Eg kunne ta han med handa og løfte han oppi bøtta. Ein flott,
liten sjøaure. Den skal me ha til middag i morgon. Eg har aldri fiska
sjøaure før, så dette var spesielt. Svigerfar fekk seg ein god lått då
han høyrde historia.

image