No ser det ut til at alt endeleg fungerer på Huglabutikken igjen. Etter at tordenværet forrige helg slo ut nettet til kasseapparatet, har det ikkje vore mogeleg for kundane å handle utan å ha med kontant eller betale med kreditt.
Daniel, Rune og Solfrid på Huglabutikken har vore fortvila over situasjonen i over ei veke. Sommarvikaren Daniel har snakka i telefonen i fleire timar til langt på kveld med dei mange ulike firma som er involvert i nett- og betalingssystema, men lite har hjelpt.
I dag kom det ein reperatør, og Solfrid fortel at han fekk streng beskjed om ikkje å gå før alt var i orden. Og etter blant anna litt restarting, så kunne huglo.no sin utsende vere første kunde som fekk handle utan at Rune i kassen trong å skrive ned varene i den allereie fulle skriveboka. “No ser det ut til at det fungerer.” seier Rune fornøyd før han fortsetter: “Med mindre det kjem fleire lynnedslag…”
Sjølv om det no skal vere i orden, har butikkmedarbeidarane no mykje arbeid framfor seg. Solfrid fortel at no må alle varene som er handla av huglafolket gjennom den siste veka registrerast gjennom kassa. I tillegg må nye varer bestillast og nye prisar frå Norgesgruppen skrivast ut og hengast opp.
Gjengen på butikken skal ha mykje ros for å ha stått på lenge og iherdig for å finne løysingar på denne langvarige situasjonen.