Den første fotballskulen på Huglo vart ein suksess med 22 deltakarar. Iført flotte Tine-draktar var det mange blide og ivrige ungar på å sjå på Leirvikestølen denne veka. Innsatsen var det ingenting å seie på, og både store og små såg ut til å kose seg på banen.
Ei stor takk til Nils Henrik Elde som tok initiativ til, og arrangerte Tine Fotballskule på Huglo!
Her kan du sjå ein liten filmsnutt frå fotballskulen på sunnhordland.no.