Før i tida, då gamle folk var pensjonistar og hadde god tid og det var mykje meir sol enn notildags, pleide dei eldste karane å samlast her på ei hylle i berget, sitja å nyta utsikten i sola, varma giktiske kroppar og løysa verdsproblem slik dei såg dei. No sit det ingen her lenger. Gamle folk har det travelt, det regnar støtt, og her er ingen utsikt lenger heller. Buskar og trær har teke over solplassen. Kanskje me burde skaffa oss ein liten geiteflokk før det veks til over alt?
Del dette innlegget