Spring til topps!

Laurdag 21. juli arrangerer Huglo IL turløpet “Varden opp!” Dette er fjerde året på rad at dette populære motbakkeløpet vert arrangert. (Første året vart det riktig nok avlyst grunna svært dårleg vær.)

Starten for løparane går frå Vikasanden klokka 13:00. Startkontigenten er på kr 30,- for dei som vil delta og springe på tid. Den varierte og kuperte traseen er den same som i åra før: Starten går altså frå Vikasanden og bratt opp til hovudvegen. Derfrå følgjer løypa vegen ned til 1913 før den går vidare slagt oppover skogsveg, sti og myr. Så gjeld det å ha spart litt krefter til den verkeleg bratte stigninga mot slutten.

Det vil vere ein dameklasse og ein herreklasse. Og rekordane som deltakarane skal forsøkje å slå er:
Dameklasse: 14:47 – Kristin M. Stemland (2011)
Herreklasse: 14:52 – Øyvind F. Sortland (2010)

Idrettslaget vil lage bål og sel brus og kaffi på toppen.

Dette er ein ypperleg moglegheit til å teste sommarformen, enten du spring eller går til topps!

Les om dei tidlegare løpa her: 2010 og 2011