I år arrangerer Huglabutikken og Huglo Bygdekvinnelag sommermarked på kaia på Nordhuglo. Dagen er 1. juli!! Markedet er to-delt: Alle kan selja kva de vil selja for seg sjølv, og så vert det loppemarked til inntekt for Kirkens Bymisjon på Stord. Dei som har noko dei vil at skal seljast på loppemarkedet, kan levera tingene til Wenche på Huglabutikken, eller til Eline eller Hedvig.
Fint om me får varsel frå dei som vil selja noko, så me veit kor mange bord som trengs.
Som vanleg på Huglo, vert det kaker og kaffe til sals for å smørja drøsen litt. Og butikken har is!
Jo fleire selgarar, jo betre marked. Og så trengs det sjølvsagt både sjå- og kjøpelystne!