Søndagskafèen vert 30. mars i Fjellheim frå kl 15 – set av denne dagen! Me markerer Grunnlovsjubilèet: Sorenskrivar Knut Gramstad gjev oss eit lite innblikk i hendingane på Eidsvoll i 1814 og Arne Sortland set hendingane inn i lokalt perspektiv og fortel om Huglo i 1814.
Og sjølvsagt vert det kafèmat av ymse slag, og god tid til drøs!
Alle velkomne, både fastbuande og huttefolk og andre interesserte!
Det er Huglo Bygdekvinnelag som arrangerer kafèen med nogot attåt.