Huglo Bygdekvinnelag slo ikkje to, men heile tre floger i ein smekk: Open sundagskafè med mange nydelege kaker – som alltid – grunnlovsjubileum og sin eigen 60års-feiring. Grunnlovsjubileet vart markert ved at sorenskrivar Knut Gramstad fortalde om viktige punkter i Grunnlova og nokon av dei endringane som har kome til etter som utgangspunktet har forandra seg. Takk for det! Men til stort vonbrot for oss måtte Arne Sortland, som hadde budd seg på å fortelja om Huglo i 1814, sykmelda seg. Me håper han tar opp dette ved eit seinare høve!
Alle fekk høve til å eta så mykje dei ville at Jubileumskaka: Ei stor blautkake bakt etter oppskrift frå menyen til Eidsvollsmennene, med 28 egg og berre 400 gram mjøl, og særs lite sukker – det var ikkje lett å få tak i sukker i dei tider. Smakstilsettinga var konjakk, både i kaka og i den piska fløyten på toppen. Det var i stil med det som står i dei skrivne kjeldene fra Eidsvollsamlinga i 1814: “Det vart konsumert store mengder alkohol.” Men ein bra grunnlov vart det no i alle høve.
Den kommunale komitèen for feiring av grunnlovjubilèet var invitert, men ingen møtte. Det gjorde derimot representantar for Stord og Tysnes sine bygdekvinnelag, og Huglo Bygdekvinnelag fekk to fine haldarar til rømmebeger i 60årsdags presang. Dei kan kome til nytte på neste sundagskafè!
Ca. 40 frammøtte hadde tid til å prata og spise kaker og kosa seg. Takk til dei som kom, og takk til dei som gjorde alt det praktiske arbeidet rundt arrangementet.