Sondre Lerche kjem til Huglo!

Det vert annonsert at sjølvaste Sondre Lerche tar turen til Huglo og fabrikken 2012

Ein er godt i gong med planlegginga av årets storsatsing på Huglo. Musikkfestivalen Fabrikken 2012 går av stabelen på Tongaskjæret fredag 27. og laurdag 28. juli. Dette er noko du absolutt ikkje vil gå glipp av, så det er viktig at du merker deg desse datoane! Inviter alle du kjenner, store og små, til Huglo denne helga, så skal me saman gjere Fabrikken 2012 til den største folkefesten som nokon gong er arrangert på øya vår!

Sondre Lerche

Me kan no lansera dei fire første artistane som skal spela på Fabrikken. Desse er:
Orbo and the Longshots
Egil Olsen
Supermale
og sist, men absolutt ikkje minst: Sondre Lerche!
Me skal òg ha tre artistar eller band til, men headlineren for festivalen blir Sondre Lerche.

I tillegg til fantastiske musikkopplevingar vert det arrangert spanande aktivitetar for store og små på dagtid laurdag.

For meir informasjon om artistar, program og billettprisar, besøk våre nettsider på fabrikken2012.no
Fabrikken – lita øy, store draumar!