Kva er ei 17.mai feiring utan korpsmusikk? Dei fleste som er oppvaksne på Huglo har vore innom Huglo skulekorps. Ein skulle kanskje tru at når tida i korpset er over, får ein ikkje bruk for eigenskapane ein måtte ha tileigna seg i løpet av karriera.
Gaute Haukanes har som mange andre hatt ei lang og go karriere i Huglo skulekorps der han mellom anna spela euphonium og trommer. I går gjorde Gaute comback, ikkje i Huglo skulekorps, men i korpset “rustne horn”, på plattform ULA, som trommis. Spenstig som han er tok han utfordringa på strak arm, som syster Linda sa “ikkje har ein Haukanesar vore nerare VG..”
– ” Kanskje ikkje ein Huglar heller..?
Les innlegget frå VG her