17.mai på Huglo

Mariell tar eit stykke med 17. mai-kake

Feiringa av nasjonaldagen er over for denne gongen, her kan du sjå korleis feiringa gjekk føre seg på Huglo. Sjølvsagt var alle momenta på plass for ei flott feiring. Is, kaker, premiar, innskudd av sol og opplett, trillebårkonkurranse, pilkast, boksekast, snop, norske flagg, korpsmusikk, hesteskokasting ,huglasongen, iskakelotteri, ord for dagen, gudsteneste, fiskedam, 17.maitog, kaffi og drøs.

Tusen takk til 17.mai komiteen som laga ei svert velukka tilstelling, i år og.

Toget gjekk torrskodd til og frå skulen
Musikantar i annmarsj

Roleg, no begynnar me!
Kaffelars kallar

Iherdig innsats på boksekastinga
Nok eit år med kø til fiskedammen
Fleire fiskar i havet ?
Spenninga er til å ta og føle på i pilkastturneringa
Hesteskokast-konkurransen vart i herreklassen svært jamn, heile tre kastarar på 1.plass
Finrekning med kontroll

17. mai på Huglo hadde ikkje vore heilt den same utan dan tradisjonelle 17. mai-festen i bedehuset.

Festen starta klokka 18.00 med musikk av korpset, før det seinare vart song av Emmaus.

I år fekk me besøk Dagfinn Brandsæter og kona hans Wenche. Ho song og spelte gitar for oss, medan Dagfinn tala. Så var det endeleg klart for middag, og gjengen på kjøkkenet hadda stått på lenge for å sørge for at pølsene og potetstappa smakte godt i år òg. Før kakene vart bert inn, var det spørjekonkurranse mellom borda, og høgtlesing frå Dustefjerten.
Og viss det var nokon som ikkje vart mette etter middagen, så vart dei nok gode og mette av alle dei flotte kakene som blei plasserte på borda.

Dekka til fest
Festtalar Dagfinn Brandsæter
Wenche Brandsæter syng for forsamlinga
Mariell tar eit stykke med 17. mai-kake

Her kan du lesa innlegget frå VON 17.mai 1932.