Då huglo.no sin utsende traff vår nye huglar Kevin på mandag, var han framleis andpusten og i kvilemodus. “Veit du kva”, sa han på sin beste engelsk, “Marion tok meg med opp på Kattnakken i går!”
Ettersom han fortalde og demonstrerte, hadde dei vassa i snø til livet, noko som ikkje var så vanskeleg oppover, men nedover hadde det vore glatt og bratt. Men veldig fin utsikt på toppen! “Engelskhuglarane” har vorte meir ihuga turgåarar enn me er sjølve, det lengste me vågar oss etter å ha sett snøen som framleis ligg på Kattnakken, er vel til Varden. Eller opp på Skjønhamaren for variasjonen si skuld. Fin utsikt derfrå óg. Men me slepp å vassa i snø. huglo.no finn det høveligt å sitera ein god (fjell)turregel: Lytt til kjennsfolk! Men når me ser på biletet av den fornøgde Marion frå toppen av Kattnakken, var det visst ingen grunn til å “grava seg ned i tide”.
Kattnakken tidleg i april? Nokon betre?
Kva med litt turorientering her heime på Huglo? Då kan me tilogmed vinna ei kake!