Våren 1988 vart stordøystemne arrangert på Huglo. Då var heile 350 musikantar og rundt 200 tilhøyrarar samla. Den gongen hadde Huglo skulekorps 16 medlemmar, det gjekk 18 elevar på skulen, og det budde ca 150 personar totalt på øya. Dette stoppa ikkje huglarane i å arrangere musikkstemne for korpsa på Stord og Fitjar. Fellesnummeret for dagen var sjølvsagt huglasongen.
Konsertplassen var på skuleplassen, der Huglo skulekorps som vertar opna konserten. Deretter fulgte ei rekke andre korps frå naboøya. Hystad skulekorps, Fitjar musikklag, Sagvåg skulekorps, Rommetveit skulekorps, Langeland skulekorps, Stord musikklag, Sagvåg musikklag, Leirvik musikklag og Fitjar musikklag. Der Fitjar musikklag markerte seg som det minste korpset og Fitjar skulekorps som det største. Det vart mykje gode ord og skryt til huglarane for eit flott arrangement!