Også dette halvåret vert det utlån av vaksenbøker på skulen, biblioteket sine og bøker bibliotekfilialen har fått til uforpliktande utlån frå private. Det er kome inn litt ny krim-litteratur. Det vert utlån desse torsdagane:
Januar 14. og 28.
Februar 11. og 25.
Mars 11. og 25.
April 8.
Trufast bibliotekar er framleis Åse. Hun drar til hovudbiblioteket og hentar bøker til fifialen.
Den 14.d.m. jobbar biletgruppa på skulen i bibliotek-tida. Alle er velkomne med gamle skulebilete dei vil låna bort til kopiering.