I samarbeide med Huglo Bygdekvinnelag arrangerte Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor og Statens Naturoppsyn strandrydding i Brandvik landskapsvernområde. Det vart samla inn 7 m3 med boss, som vil verta henta med båt av Friluftsrådet Vest over helga. Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) stiller med konteinar på Stord Hamnestell sin kai og sørgjer for levering av bosset. Strandryddinga er finansiert av midlar fra Miljødirektoratet.
Huglo Bygdekvinnelag stilte med mannskap, og lett servering til ein hyggeleg lunsj i det flotte området: Kanelsnurrar frå Huglabutikken, twist og drikke.
Stor takk til alle som tok del i arbeidet!