Bygdekvinnelaget sin strikkekafè var som og tidlegare godt besøkt av 3 generasjonar. Innehavaren av butikken Ullkroken på Stord var inspirasjon og ho hadde med seg mykje mjukt ullgarn passande til årstida, og nokre strikka leiker. Nokre fleire modellar til inspirasjon hadde vore spanande, men her var mange brosjyrar med gode idèar. Og som vanleg når det er kafè på Huglo: Overflod av gode kaker! Ekstra kjekt var det å sjå at så mange heilt unge var til stades, det lovar godt for produksjon av heimestrikka ullplagg i framtida.
Del dette innlegget