![Sommeraktivitet](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2012/08/Sommeraktivitet-300x225.jpg)
Is må ein ha når kalenderen seier sumar
“Er det sumar, så er det sumar” sa desse hyttefolka, der dei sat og åt is utafor Huglabutikken. Godt kledd, og utan tanke for bading og/eller soling, feira dei likevel at det faktisk er sumarferie. Riktignok bles det for mykje til fisking, og ungane (barn og barnebarn) ynskte seg fiskegrateng til middag, men i desse tidene då hytter har frysar, er ikkje husmora rådlaus. Fiskegrateng skulle det bli – av frossen lyr.