![kveldsbelysning 2](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2011/08/kveldsbelysning-2-300x225.jpg)
Nordhuglo i kveldsljos
Sumaren er minst to månadar for kort på disse kanter av verda. Det gjeld å nytta dei varme, vindstille, mjuke kveldane medan me har dei, lada opp til ein long vinter. Anten kan ein sitja ute og nyta utsikten i stillheit, med eller utan eit glas med noko godt, kaldt i – men då får ein straks vitjing av omtrent ein million smikka – eller ein kan dra på sjøen, tøffe langsomt utover med ein dorg på slep og sikra seg middagsmat samstundes. Varme, stille, vakre sumarkveldar på Huglo i august – kan ein betre ha det?
![Kveldsbelysning 1](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2011/08/Kveldsbelysning-1-300x210.jpg)
Så fin ein kveld
![Fiskefangst](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2011/08/Fiskefangst-300x225.jpg)
Langsam fisketur ein fin kveld
Så sant… Og så fint…Og så enig…
Kjekt å følge med på denne sida:-)