Sumarsdag

Dette termometeret skal gje oss badetemperaturen i sumar
Ein kom til å sjå på kalenderen i føremiddag. 1. juli! Då er det vel sumar? Sjølv om gradestokken utafor kjøkenglaset viste 13 grader. Korleis får ein då den rette sumarkjensla? Spør einkvar unge, og han vil svara at sumar, det er bading, det. Javel, men ein dag som denne er det kanskje best å bada fyrst og måla sjøtemp’en etterpå? Og bading vart det, men ein heller kort symjetur. Likevil hjelpte det på sumarkjensla. Kanskje mest etter at badekåpa var kome på att. Gradestokken som hang utfor kaia, synte 14,5 grader.