Til å vera ei lita øy med snaut 100 fastbuande, er det utrulig mykje aktivitet på Huglo! Sundag 13.d.m. innbyr Huglo Bygdekvinnelag til kafé i gymsalen på skulen frå kl. 15. I år er det i gymsalen for å ha veggplass til utstillinga av flyfotos fra Huglo: “Med blikk på kulturlandskapet”.
Som vanleg vert det verdas beste kaker og kaffe, te og saft å kosa seg med. Hjarteleg velkommen til alle!