Onsdag kveld vart vår alles Wenche takka av for lang og god og klok innsats som dagleg leiar for Huglabutikken.
Wenche starta i butikkstyret i 2008, og tok jobben som sagleg leiar i 2009 (etter at ho akkurat hadde fått jobben som dagleg leiar i en stor butikk på Stord). Ho har frå starten hatt beina på jorda og kjend kundegrunnlaget så godt at ho har visst kva huglarane vil ha av varer. Og ho har våre ein racer til å søkja, og få, pengar til prosjektar for å halde Huglabutikken moderne og innbydande. Mange store forbetringar har skjedd i hennar tid, godt hjelpt av tilskott fraå Merkur. Og så har det vorte tradisjon med “butikkdagar” av ymse slag, med allsong på kaia, auksjon, brukthandel . . . – alt med heilt nødvendig kafé attåt.
Men likevel, det beste er at ho har unngått tap på varer, noko som har fått Huglabutikken, med det litle kundegrunnlaget, til å vera berekraftig.
Så var det middag for Wenche på Salamon-bua, med heile det noverande butikkstyret tilstades. Tusen takk for innsatsen, Wenche! Kjenner me Wenche rett, vil ho ikkje verta sitjande heime og nyta ei anonym pensjonisttilvere, men no vera aktivt med i det som skjer på dugnadsøya Huglo.