Fabrikken 2012 er historie, og vi kan sjå tilbake på eit vellukka arrangement med eit smil om munnen. Ein slik suksess har krevd eit utal arbeidstimar, og hadde aldri vore mogeleg å gjennomføre utan den heroiske dugnadsinnsatsen folk har vist!
Alle oppgåver har vore like viktige for å få puslespelet til å gå opp, og vi er veldig takksame for den oppgåva kvar enkelt har bidratt med! Med 90 fastbuande, og eit behov for godt over 100 frivillige, har det vore eit krevjande puslespel å leggje. Dette har ført til ekstra belastning og lange vakter på mange, og folk har verkeleg tatt i eit tak!
Med ein omsetning på over en halv million har dette vore eit stort prosjekt, også med tanke på det økonomiske. Det totale regnskapet er ikkje ferdig utarbeida, men vi ligg an til eit godt resultat. Dette er mykje takka vere véret, frivillige og besøkstalet på laurdagen!
Fabrikken vart til i bulystånd, med eit ønske om å skape blest rundt Huglo. For å vere eit attraktivt bualternativ er det viktig med kultur i alle former, og her fekk vi gjennom Fabrikken utvida horisonten ved å prøve ut ei ny form for kultur, nemleg festival. Vi fekk også vist fram øya vår, og kva ressursar eit lite øysamfunn faktisk sit med.
Mange spør om Fabrikken 2013 og kjem med innspel og idear til eit eventuelt nytt Fabrikken-arrangement. Det set vi stor pris på!
Vi skal ta ei grundig vurdering og evaluering av årets arrangement, og samle all erfaring som er gjort med tanke på framtida, for så å ta stilling til ei eventuelt ny satsning.
Huglo er eit lite samfunn, og vi har gjennom prosjektet sett , som nemnt tidlegare, at det krev mykje av kvar enkelt på øya for å kome i mål – og vi ser dermed at dersom liknande prosjekt skal gjennomførast trengs det endå fleire frivillige!
Difor vil vi oppfordre folk til å sende mail til post@fabrikken2012.no for å allereie no melde sin interesse som frivillig, samt gi ei kort evaluering av arrangementet.
Vi håpar at Fabrikken 2012 har vore til inspirasjon, glede og hygge!
Og igjen, takk for innsatsen!
På vegne av styret,
Christian Notland
Festivalsjef
tlf. 984 26 048
Under følgjer ein bilete-serie frå festivalen, signert festivalfotograf Malene Aasheim,