Vår faste, blide bussjåfør har no alltid – i 36 år!! – halde bussen på rett kurs – men no går han altså på oppdateringskurs på naboøya. Kurset er altomfattande, fortel han: Fyrstehjelp og ulykkessitasjonar, trafikkreglar, korleis ein bussjåfør skal forhalda seg til varierande humør hos passasjarar . . . i det heile tatt ALT som skal til for at han fortsatt skal vera den optimale bussjåføren han alltid har vore. Kurset, obligatorisk kvart 5.år, er ein del av EU-tilpassinga. Betryggjande – men ein kan undrast på om alle EU-landa er like lojale mot eigne reglar?
Del dette innlegget