Samarack må ha meg unnskylt, at eg siterer han med ein liten vri. I ein stappfull gymsal opna Huglo Skulekorps (som spelar i klassen generasjonskorps) konserten med ein Jubileumsmarsj. Særs høveleg, for i salen sat 80års-jubilanten Sigrunn. Elles var, som vanleg på Huglo, alle generasjonar til stades, frå 4 månader til eldstemann 88 år.
Jubileumsmarsjen hadde korpset òg spela i korpskonkurrasen de tok del i på Bømlo, der dei vann sin klasse og fekk ein fin pokal som Albert viste fram. Korpset held fam med fleire nummer, før Songlaget Storabuen tok over. Den fengande musikken frå 60-talet høvde godt for dei fleiste frammøtte. Og Storabuen er ikkje berre veldig gode under sin suverene og mangfoldige dirigent og arrangør Torleif Agdestein, men dei ser smittande glade ut når dei syng! Heldigvis hadde Songlaget Storabuen moglegheit til å koma til Huglo i år. Det vert ikkje skikkeleg julakonsert utan dei!
Så kom overraskingane. Fyrst Jan og Endre Tufteland, far og sønn, som spelte tverrfløyte og marimba, nydeleg musikk. Og far Jan kunne håndtera fleire instrument, synte det seg. Huglar Øyvind song, og den aller største overraskinga var eit samansett “band” av gjestar og huglarar. Dei hadde starta samspelet i går kveld! Utruleg flott.
Songlaget hadde ein avdeling til der dei song julemusikk, og korpset spela til sist tradisjonelle julesongar til allsong – dirigert av nestor Heiberg Andersen, sjølvsagt avslutta med Deilig er jorden.
Og midt inne i programmet vart det tid til kaffe og masse gode kaker, og åresalg. Så alt var på plass, Her er ei billedkavalkade frå julakonserten:
Endre og Jan Totland på marimba og tverrfløyte
Takk til alle som dekka bord, bakte, serverte, gav oss så fin musikk, og viktig: Rydda opp alt etterpå – etter at 19.20-ferja hadde gått frå Huglo med glade gjestar!