To kafèar i vår

mønstersokkerHuglo Bygdekvinnelag inviterer til strikkekafè i Fjellheim mondag 24. februar frå kl. 18. Ingunn Teigelid frå Ullkroken kjem med modellar, døme på garn og inspirasjon. Det vert garnbingo – kr. 20 i startkontingent. Og sjølvsagt vert det det som høyrer med på kafè: kaffe/te, saft, og gode kaker. Alle i alle generasjonar velkomne. Har me nokon strikkande menn på Huglo?

Gode kaker på søndagskafé
Gode kaker på søndagskafé
Så vert det sundagskafè i mars, med program retta mot Grunnlovsjubilèet. Dato og nærare program kjem om litt.