Er du blant alle dei som har undra seg over kva som skal skje med alt tømmeret som ligg rundt omkring på øyo? Innimellom kjem det ein tømmerbil som kjøyrer last ein dag eller to fram til ferjekaia. Det tek tid, for på vegane på Huglo kan dei ikkje kjøyra med tilhengar. 3 eller 4 gonger no har det våre båt som har teke med seg det som har lege på kaia – utan at det ser ut til å minka på det som ligg rundt ikring. Dette kjem til å ta tid! Og det vert kanskje ikkje ny asfalt før denne tungtransporten er avslutta?
Tags: tømmer
Del dette innlegget