Tresking før i tida

Heilt fram til slutten av 1940-åra var det vanleg at gardbrukarane på Huglo dyrka korn, både til mat og til fòr til dyra. Det var helst havre, bygg og kveite som blei dyrka. Når hausten kom, og kornet blei gult, var det mogent. Då vart det skåre, gjerne med sigd, og bunde saman i kornband, eller nek, som dei òg vart kalla. Desse vart så satt på staur for å tørka, 15-20 band på kvar staur. Om kveldane med måneskin såg det mest ut som ein heil hær av menneske som sto i åkeren.

Gardbrukarane på Nordhuglo og Røssbø eigde eit treskeverk saman. Drivkrafta var ein 4 hK Rubb motor. Treskeverket vart trukke mellom gardane av to hestar, ein for sjølve verket og ein trakk motoren. Men brekko opp frå Røssbø var så bratt at der måtte det to hestar til kvar jobb, og skubbehjelp attåt. Treskinga vart utførd på dugnad. Treskeverket blei plassert inne på låvegolvet, og ute på låvebrua sto motoren. Opp frå han gjekk det drivreimer inn til verket. Maskinist på motoren var Mons Tveit. Inne på låven var både kvinnfolk og mannfolk i arbeide. Nokre henta kornband, løyste dei opp og leverte dei vidare til dei som mata verket, ein sto og passa på når sekkane med korn var fulle. Johannes Lunde var fast ansatt av Mons til å bera vatn som skulle kjøla motoren. Den jobben måtte me ungane halda oss unna, det var Johannessen sin jobb. Halmen som kom ut, vart plassert i halmstålet over fjosgolvet. Det var her me ungane vart sett i arbeide med å bera og pressa halmen ned.

Når klokka blei 12, stoppa Monsen motoren, og alle skulle inn til middag, som regel kjøttsuppa. Så var det ut for ny økt, og Monsen fekk fart på motoren og treskinga tok til att. Når det lei til nonstid var det ny matøkt og så var det slutt for den dagen.
Tekst: Arne Sørli.

Treskeverket, som før vart lagra på den siste garden det vart treska den hausten, står nå på lager hos John Bruntveit. Det tok John god tid å bera vekk alt som sto føre, så det gjekk an å få tatt eit bilete. Det er med andre ord lenge sidan treskeverket vart nytta i dugnadsarbeide. Men dugnadsånda levar vidare hos huglarane, ein skal ikkje gå langt før ein ser døme på at denne gamle tradisjonen med samarbeide lever vidare.