Brann på Huglo

Etterslukking

Torsdag kveld klokka 19.39 vart det ringt til brannvesnet på Stord. Elling Røssbø ringde, etter å ha oppdaga brann i eldhuset i Røssbøvikja. Huglo branndepot var raske på staden og starta slukkinga umiddelbart. Det var litt av eit syn for dei elles uvitande huglarane då dei møtte tre store brannbilar i tillegg til to mindre og ein politibil på vegen.

Det var ei lukke at dei lokale brannmenna våre allerie var på staden. Utan dei hadde det nok ikkje gått like bra. Dette kommenterer også brannmann Ove Authun til Huglo.no. “Huglo har gjort ein kjempe jobb! Utan dei hadde det nok ikkje ordna seg på denne måten”. Huglo.no snakka med fleire av dei som deltok på slukkinga. Jon Olai Bruntveit fortel, “Eg såg Erik`en svinga ut frå brannstasjonen med hengaren, og eg heiv meg på hjul”. Det tok ikkje lange stunda før alle var på plass.

Etterkvart dukka det opp andre nyfikne som ville sjå kva som skjedde. Eldhuset brann heilt til grunne, utan at noko eller nokon andre kom ytterligare til skade. Brannmenna klarde halde brannen i sjakk, slik at det vart midre skader på områda rundt.
Albert Eikeland til huglo.no, ” Det var eit eldhus, og det var det til sin siste time”.

Me kan vere glade for at me har dei lokale brannmenna våre som stillar opp på kort varsel når det skjer slike ting. Ein stor ros og takk til alle som deltok, også dei frivillige som også gjorde ei stor innsats!

Stord brannvesen
- Eldhuset
Huglo branndepot
Etterslukking