Det er ikkje mindre enn supert at nye ungdomar som veks opp på Huglo, tek over denne tradisjonen, og med hjelp av nokon erfarne huglarar og nye kjerastar tar jobben med å arrangera Havrettsaften. Dette var 40. gang!! Starten var nokon som kom saman over ein tallerken fiskesuppa, så har havrettane blitt fleire og fleire og bedre og meir kreative og fantasifulle. Og sikkert meir og meir arbeidskrevande.
I år hadde menyen kamskjell med avokadopurré, sylta raudløk og sprøsteikt bacon til forrett, så kom ei tallerken tai-suppe før hovudatraksjonen: Det store koldtbordet.Her ligg det mange timars arbeide av mange bak!! Me som berre kom og set oss ned og nyter, er djupt takksame – også for ryddearbeidet etterpå.
Men kven åt opp all maten som var igjen?
Her kjem nokre glimt frå laurdagens Havrettsafta:
Knut Elias passet på inntektene, veteranen Janne ynskte vekommen
På kjøkenet var det hektisk aktivitet til siste augenblink
Nydeleg tai-suppe burde komme med oppskrift
Janne fortalde om alle rettane, og dei var mange!
Gravlaksen var ein skummel drage, men den smakte veldig bra!
125 !!! gjester – særleg mange Austevollingar var hjarteleg og høgrøysta tilstades (dette er ikkje Austevollingar=
Nokre huglarar var der óg
Me vert aldri for gamle til Harettsafta!