Huglabutikken AS hadde i dag, laurdag, invitert ordførar Gaute Epland på besøk. Han skulle eigentleg vore den som klypte snora for pergolaen, men han hadde dobbeltbooka då, og kom på Nærbutikkens dag i staden. Det har nettopp vore møte mellom butikken og kommunen, der butikken fekk stadfesta årleg tilskudd til Nærbutikken, og butikken på si side held offentleg toalett og gjestekai.
Ordføraren sat under pergolaen og samtalde med folk som kom innom. Dei vanlege emna vart tekne opp: BRO, ferjeavløsingsmidlar, som over ei 10årsperiode vil betale brua men ikkje dei nødvendige vegane, boligbygging, omsorgsboligar, problem med å få tilfredesstillande ofte heimesjukepleie og heimehjelp når hjelpa er avhengig av ferjetider, reguleringsplanar, austre del av Huglavikjo og Skarvane II og forarbeidet til ny kommuneplan.
Me sakna ein rundtur med god tid for å visa fram spanande aktivitet og prosjekter på Huglo, men det vert kanskje ein annan gang. I dag vart det med kafébesøk og litt bilete og familiehistorie på Salamonbua.