Trim? Trening? Denne eldre dama strittar med alle piggane ved orda, og det dårlege samvitet meldar seg óg. Men på siste Eldtretreff hadde me ein liten idédugnad, og da var det et lyst hovud som sa: Kva med trim for eldre (nesten gamle?)? Leiar av kommunal fysioterapi vart kontakta, og ho syntest det var eit strålande idé. Responsen sa: “Dette får me til!” Så etter ferien ser det ut til at me får ein fysioteapeut til å visa oss øvingar for balanse og styrke – er det ikkje det me eldre treng?
Tanken no er at me kan ha det onsdagar kl 15, om det passar fysioterapeuten. Og skal ma ha øvelser med stol – anten til å sitja på og også til støtte for balansen? Eller i gymsalem med litt meire krevande bevegelser? Innspel og meiningar og ynskjer kan senjast til Hedvig, tlf 413 34 436 eller på e-post hedvflornes@hotmail.com. Så prøver me å finna ei løysing som høver dei fleiste eldre huglarar, og samtidig fysioterapeuten. Alt etter ferien!
God sumar til alle!