Huglo IL melder at 1. oktober er det slutt på turorienteringa for i år. Så då har folk nokre få dagar att til å samla postar. I år vart det jo ikkje fysisk registrering på postane. Dei som har samla nok poeng til merke kan levera oversikt over postar dei har vore på til Sigurd Huglen, Kjetil Sømoe eller Øyvind Sortland i løpet av oktober. Takk til alle som støttar laget ved å kjøpa kart og betala medlemsavgift. Håpar mange har fått fine turar etter postar på Huglo òg i år.
Del dette innlegget