Også i år har turorienteringa på Huglo vore ein suksess. Totalt 191 personar har delteke i
turorienteringa. Og her har det vore både store og små som har leita seg fram i buskar og kratt. Heile 25 personar har teke samtlege 25 postar.
Og til våren kjem det nye kart, med nye moglegeiter til å oppsøke kjende og ukjende stader på øya.
Takk til Huglo IL som legg ned ein stor innsats i å legge ut postar, og hente dei inn att!