Ugjestmild flytebrygge i gjestehamna

Me har fleire gonger i vinter hatt sterk nordavind.  Det likar ikkje den todelte betongbrygga som høyrer til gjestehamna på Nordhuglo.  No har den i fleire månader vore ganske ugjestmild etter at landgangen vart øydelagt.  2 meter avstand frå flytebrygga til land, med god høgdeforskjell ved fjære sjø, då vert det mest ei olympisk øving   å nytta bankautomater for drivstoff eller handla. på Huglabutikken.  (Heldigvis er der ei lita privat flytebrygge, så folk har vore hjelpne med).

Hopp!! dersom du vil i land.

 

Men no skjer det noko!  Det ser ut til at Albert og Birger har både materiell, kunnskap og handlekraft, så før påsketrafikken kjem, er flytebrygga til Huglo gjestehamn sikkert reparert og ynskjer gjester velkomen.