Det er ikkje ofte at her på øyo vert flytta så lite jord på to veker med tre kvinner/menn i arbeide . Men så har det vore nytta sers finsleg reiskap etter at den øvste torva var fjerna. Og jorda vart samla i bøtter og vaska gjennom netting på 3 mm! Men for soge-interesserte er dette verkeleg store ting: Då rohdodendronbusken vart flytta i fjor og ein spydspiss som synte seg å vera frå 800 – 900 talet vart funne, kom ekspertar i graving med skjei og kost frå Universitetsmuseet i Bergen, Seksjon for ytre kultur, til Huglo. No har dei fullført det planlagde arbeidet. Og det er ikkje tvil om at dette er ein ca. 1200 år gamal gravhaug. Arkeologane trur at det kanskje er husbonden på garden Tveit som er hauglagt her. Med seg til den neste verda fikk han truleg ein båt; dei har funne 150 båtnaglar. 4 perler, 3 av glas og ein av rav, har kanskje vore sydd fast på drakta hans, og det er funne ei øks og ei pil og eit stort og forseggjort bryne. Alt er ting han ville trenge i neste tilvære, men det var og viktig å visa kven ein var. Haugen skulle sjå stor og flott ut, men for å sleppa å bera så mykje stein, vart gravhaugen gjerne plassert oppå ein naturleg haug i landskapet. Så fin utsikt som frå gravrøysa på Hommandehaugen hadde nok ikkje denne bonden, men tenkjer ein seg landskapet nedbeita og utan bygningane som no står, låg og denne haugen med utsyn.
Arkeologane meiner at haugane rundt denne kanskje og er gravhaugar. Men dei skal få liggja i fred, uopna, som ein naturleg og urøyrt del av natur og historie. Det er Fylket som avgjer om dei skal registrerast som graver.
No skal torva på plass igjen. Tinga som er funne, skal analyserast, røntgenfotograferast, konserverast og stabiliserast – og sjølvsagt skal det skrivast rapport. Og kanskje ein artikkel. Men kor den skal publiserast, veit dei ikkje sjølv ennå.
Ny tidfesting på Tveit, før eller etter utgravinga.