Me var alle spente på resultatet etter den store basaren til inntekt for oppgradering og drift av Huglo Bygdahus. No er alle Vippsane registrert og kontantene telt opp. Og resultatet er kr. 65.500,-. Per Egil meinte det måtte vera 150 personar tilstades, med alt frå spebarn til eldste innbyggar på Huglo. Då vert det ca. kr 436,- pr hovud! Kva står øvst på Bygdalagets prioriteringsliste over renovering av Bygdahuset?
Hugladagen var óg ei god inntektskjelde, netto kr. 22.896,-.