Huglo si heimeside kom til som ein del av Liv og Lyst- prosjektet (i 2010, så lenge sidan!), som eit forsøk på å setja Huglo på kartet. Sida vart etter det ein del av Huglo Bygdalag sitt arbeide, og statistikken syner at sida har mange lesarar. huglo.no har som føremål å formidla det som skjer på Huglo, vidareformidla historiar og bilete, og svare på post til post@huglo.no om syklane, turforslag, utleie av Huglo Bygdahus osb.
No flyttar Hedvig, som har vore ansvarleg redaktør sidan starten, til Oslo. Huglo Bygdalag vil gjerne ha kontakt med personar som ynskjer å drifta huglo.no. Ei gruppe som kunne fordela ansvaret mellom seg, hadde vore greit.
Er du interessert, ta kontakt med Hedvig Flornes, tlf 41334436 eller Sigurd Huglen, tlf 48012781.