Ser du i ein flora eller spør vener kva denne blomen heiter, er det klart at det er ein engkarse. Men på Nordhuglo kalla dei gamle huglarane blomen for “Hegglandsblom”. No er det store mengder av den overalt, den lysar opp og er eit sikkert vårteikn. Men det lokale namnet tyder på at den fyrst breidde seg ut på det som den gong heitte Hegglandsjorda. Dette “småbruket” har sidan den gangen hatt fleire eigarar og det lokale namnet er gløymd. Men blomen ha vorte allemannseige!
Del dette innlegget