Er dette verkeleg våren – eller ein slags grøn vinter som lurer naturen og oss – og så får me vinteren i mars? På siste møte i Huglo Bygdekvinnelag var det stor einigheit om at Huglo ikkje trengte snø, eller i alle fall kunne han koma ner ferdig måkt. Elles var det greit med litt snø både for skiføre og at det vart lysare, men ikkje på vegen eller andre stader der han berre er upraktisk. Kva skjer no, veret har jo vorte heilt uberekneleg?! Kan me starta hagearbeidet?