Varsling av brann og ulukker

Brannbilane kjøyrde berre i land for å snu - Huglo Brannvern hadde sløkt ilden sjølv

Avdelingsleiar beredskap Stord brann og redning, Frode Lillerud, ønsker at rutinene for varsling av brann og  ulykker skal bli gjort kjent på hugla-sida.  Disse rutinene er landsdekkende, ikkje laga spesielt for Huglo.  Frode Lillerud seier óg at han ynskjer at henvendingar som gjeld ikkje-tidskritiske hendingar, skal gå om vakthavande leiar for beredskap på Stord, slik at bededskap på Stord kjenner til eventuelle oppdrag som mannskapet på Huglo kjøyrer ut på utan at det går ein alarm.

 

Varsling av brann og ulukker
I Noreg er me opplærd til at naudnummer 110 er til brannvesenet, 112 er til politiet, og 113 til ambulanse (helse).
Ved å ringe rett naudnummer ut i frå behov, vil rett naudetat bli varsla raskast mogeleg. Når det er sagt, vil ein få hjelp uansett kva naudnummer ein ringer då naudsentralane er godt samordna.
Når ein oppheld seg på Huglo og ringer 110 for varsling av brann eller ulukke, vil ein kome til 110-sentralen i Stavanger. Operatøren vil då stille nokre enkle spørsmål relatert til hendinga samstundes som at Stord brann og redning får ein utalarmering.
Stord brann og redning er organisert som eit deltidsbrannvesen med eit vaktlag på åtte personar i beredskap til ei kvar tid. Me er lokalisert på Leirvik og i Sagvåg.

Ved ein innsats på Huglo blir ferje rekvirert i det brannalarmen går, og står som regel klar når brannvesenet kjem til ferjekaia på Jeketevik.
Det tar noko tid å flytte på seg frå Leirvik til Huglo, så me har i tillegg eit branndepot på Huglo. Fem «frivillige» brannkonstablar har i dag bustadadresse på Huglo, og rykkjer ut ved alarm når dei oppheld seg på øya. Mannskapet har kommunikasjon med vaktlaget som er på veg frå Leirvik, og vil starte fyrsteinnsatsen.

Frivillege “brannkonstablar” er for tida:

Erik Willgohs, tlf 901 453 59

Kjetil Sømoe, tlf 472 832 05

Leif Nordtveit, tlf  900 62 367

Alf Einar Notland, tlf

Espen Haukanes, tlf  916 079 10

For ikkje-tidskritiske førespurnader kan ein kontakte vakthavande innsatsleiar Brann som til vanleg oppheld seg på Stord – mobil: 975 52 059