Utruleg nok vart det berre ei (kraftig) regnskyll, og da rømte folk inn i dei flotte telta komiteen hadde sørga for, til kaker og kaffe. Elles gjekk alt etter planen, og frammøtet synte at det var stor interesse for arrangementet. Fin konsert med musikk som forsamlinga kjende og likte. Mest latter vekte nok flåte-konkurransen: Først byggja ein flåte som skulle kunne bera heile laget, og så padle frå stranda til Leif, rundt butikkbrygga og inn til Arne si flytebrygge. Ingen måtte bade undervegs!
Gutta vant, avdi dei var best til å samarbeide. Dei song shanties (?) og held takten i padlinga. Og etterpå feira dei sigeren med store magaplask.
Bilete seier meir enn ord, seies det. Så her er biletglimt frå ein god dag. Takk til komiteen og alle frivillege dugnadsarbeidare. Ein time etter “Takk for i dag” var plassen rydda.