- Vinterøya Huglo
Huglo er óg ei vinterøy for folk som ikkje er så ivrige på ski: Sjøen har me heile året rundt! Og med gode klede er ikkje litt snø og nokre kalde gradar nokon hindring. Laurdag morgon vakna me til tett snøkave, men med 3 garn og 2 ruser i sjøen, var det berre å starta med ull inst og avslutta med flytedress, Gortexstøvlar og aller sist hansker av den sorten dykkare nyttar i kaldt vatn. Uunværlege, spør du meg. Så var det å få båten fri for snø og is, dra hetta over hovudet og leggja i veg. Eit bilete seier meir enn 1000 ord, heiter det, så her kjem turen fortalt:

Ondt ofte lider den fiskermann . . . . . .Frisk båttur i snøkave

Ein einaste torsk på 2 ruser

men desse var det nok av!

Fangsten: 2 torskar, 4 store flyndre, 5 lyrar og 20 krabber

Halvor med vener ventar på sin part av fangsten

Og så var det å greia garna , her trengst det tolmod!