Javisst er det ubegripeleg kor alt regnet kjem frå – vert det aldri tomt der oppe? – og vinden kunne me óg greidd oss utan, men vinterhuglo har likevel sine gode sider: No er torsken på veg inn! Det meldast om gode fangstar, stor, fin torsk og nokon har allereie høgst brukandes rogn. Då er det berre å kle seg med flytedress, lue og tette, varme støvlar, og sånne hanskar som dykkarane bruker, og gje seg i veg. Det er etter at båten er ausa, sjølvsagt! Og alle dei ekstra fortøyningane som har vore naudsynt mens Dagmar herja som verst, er løyste. Det gjer ikkje noko om det vert 5-6-7 torskar, dei kan delast med huglarar som ikkje er så glade i vinter-sjølivet, og i ei passande stor mær kan dei drøyast over fleire dagar.
Huglo er bra om vinteren og! Og ikkje skal me klaga på Dagmar sine herjingar, det er berre å sjå nordover og sørover. Taka på husa på Huglo sit der dei sat i sumar, og ms Folgefonn har gått trufast med både handlande og julegjestar. Og i dag, på denne nest siste dagen i 2011, skin sola!!