Som vanleg var det “stinn brakke” da Vyborghjelpa arrangerte kafé med utlodning. Mange gode og flott pynta kaker, som berre Huglo-bakarene kan laga kaker, så mange basarar, kaféer og møter dei bakar til. Og dei frammøtte visste å kjøpa godbitane. Det var populært at eit kakestykke kunne vera så stort som du sjølv skar det.
Elles var det biletvising og fortelling frå reiser til og frå Vyborg. Det vart fortald om elendige buforhald og stor glede over praktisk hjelp og matgåver. Pengane som kom inn på søndag, vert nok til glede for mange som treng ei handstrekking.