“We love it here!”

Ja, det gjør me òg, men denne uttala kom frå eit skotsk par som låg tre dagar i gjestehamna på Huglo.  Dei kom frå Skottland i deira 36′ selgbåt, hadde brukt 36 timar over Nordsjøen og hit, men 30 av timane var ikkje for segl, men motor.  Men til Huglo skulle dei!  Dei lika særskild godt den prate- og kaffekroken Huglabutikke har på kaien.  Der kom dei i kontakt med huglarane og utveksla fakta og meiningar om forskjellen på Skottland og Norge,  særleg for pensjonistar som dei sjølv var – og som det jo er ein del av på Huglo.  Nå er dei reist vidare (for motor) til Leirvik.  Hyggelege folk som me ynskjer velkomen att!