Slik kjem du deg til Huglo

Med bil tar du ferje.

Ferjesambandet Jektevik–Nordhuglo–Hodnanes går i fast rute mellom Stord, Huglo og Tysnes.

Slik kjem du deg til Jektevik:

Jektevik ligg på austsida av Stord, langs E39.

Slik kjem du deg til Hodnanes:

For å kome deg til Hodnanes må du køyre Rv49 over Tysnes langs vestsida av øya frå Våge, eller Fv78 langs austsida av øya frå Onarheim.

Ferjeruter

Ferjeruter finn du hos Norled.no.  Merk at du må lesa begge linjene for Nordhuglo for å finna alle ferjene som går til Huglo.  Du skal finne 12 ferjeanløp, då les du ruta rett.

 

 

Gjestehamn

Utanfor Huglabutikken, i Huglavikjo på nordsida av Huglo, er det gjestehamn med straum, dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Drivstoff kan du kjøpa frå bankautomat, eller betala i Huglabutikken i opningstida. Kaileiga er kr. 50 utan straum, kr. 100 med straum. Du kan leggja pengane inn i holet i veggen ved kontakten, eller betala i butikken.